Jutulheimen.


                                               Jutulheimen.

                           

                                                   Bygdatunet.

 

Vågå Historielag vart stifta i 1929 og fekk etter kvart samla gamle saker og arkiv. Alt på årsmøtet i 1930 tok Kaspar Øvstedal opp spørsmålet om eit Vågåmuseum. I årsmeldinga for 1935 og 1936 vart behovet for hus nemnd: "Et spørsmål som burde vies særlig interesse er å skaffe laget hus, så både samlingen av gamle saker og arkiv kunde opbevares på samme sted på en betryggende måte. Slik som det er nu kan det vanskelig gå lenge, for arkivet burde vært i hvelv, og hvis samlingen blev på et sted med adgang for publikum vilde interessen og samlingen vokse." Sakene vart lagra på eit stabbur på Klones, på sorenskrivarkontoret på Øi og på nigard Sandbu. 1. april 1940 vart det vald ei nemnd til å arbeide for å skaffe historielaget eige hus. I 1941 eller ettervinteren 1942 vende husnemnda seg til Ola Sunde med spørsmål om han ville selja den gamle stugu på Sunde. Reisten av krigen ser det ut til at alt arbeidet i historielaget låg nede, fyrst i 1948 nemner møteprotokollen noko om husspørsmålet att. Da var det aktuelt å kjøpe ein låve frå Sygard Kleppe og å få tak i tomt til museum. Historielaget tykt at prisen vart for høg.

Så den 8. mars 1950 vart det gjordt vedtak om å spørja Erland Berge om han kunne selja stugu på Sunde. Historielaget fekk da tilbod om både stugu, stabbur og stall. Årsmøtet i historielaget 4. april 1950 påla styret å søkje om å få tak i tomt ved Prestgarden, men denne tomta vart nekta av departementet.

Vinnarutkastet til kommunehus i Vågå vart framlagt av arkitekt Knut Knutsen i 1947, dette skulle innehalde både nødvendige kontor og ein kulturdel med bibliotek, folkebad, fest- og kinosal og utandørs amfi. Prosjektet vart kalla bygdatunet, men av m.a. økonomiske årsaker vart det bygd berre kontorbygg. Andre funksjonar kom m.a. i samfunnshusa. Da det vart aktuelt for Vågå Historielag å få tak i Sundstugu, vart det arbeidd med å plassere dette på Matåkeren ved sidan av kommunehuset i samsvar med planane om bygdatun.

Men også ein annan plass var aktuell. Alt før krigen var det bondestemne i Kustigholet i Prestberget, og fredsvåren 1945 gjekk det opptog som enda med fest der.

Jutulheimen

Hausten 1956 vart det vedteke at bygdatunet i Kustigholet skulle få namnet Jutulheimen. Fyrste huset som kom opp var ei gammal tørrstugu frå Nigard Sandbu som i 1955 vart sett opp over kummen til Vågåmo vassverk. Huset var ei gåve frå Kjell Holm. Frå Olav Gjesling Sandbu kom det eit gammalt kvernhus som i 1956 vart oppsett innanfor vegen. Stabburet frå Sunde vart oppsett hausten 1956. Sundstugu kom opp 1955 og 1956.

I SEFRAK-registreringa som vart gjordt sist på 1970-talet er stabburet og stugu sett opp til å vera frå siste fjordedel av 1700-talet, for stugu er det i parantes oppgjeve 1791. Dette kan da stemme med restaurering og ombyggjing etter ofsen.

Våren 1957 vart den gamle stallen på nordgard Blessom kjøpt og oppsett i Jutulheimen som friluftscene. Da ho var så nokonlunde i stand vart det halde opningsstemne for bygdatunet den 21. juli 1957. Men alt året før var det fest på det nye dansargolvet.

Den gamle stugu på Øy vart kjøpt i 1957 og sett opp i 1958, heilt ferdig vart ikkje stugu før i 1961. I SEFRAK-registreringa er denne datert til 1600-talet. Eit stabbur på Haugøy frå 1800-talet vart kjøpt og flytta til Jutulheimen i 1958. Det var Paul H Løkken og Jo Hølmo som gjorde alt timbermanns- og snikker-arbeid i desse åra.

Historielaget fekk eit purkehus frå sygard Valde og dette vart sett opp innanfor vegen i 1964, huset kan vera frå 1700-talet. Tørrstugu frå 1700-talet fekk historielaget tilbod om å overta vederlagsfritt frå Prestgarden i 1966, ho vart oppsett i 1969.

Stallen frå Sunde vart i 1976 oppsett og etter kvart istandsett med skåle og toalett. Utstillingsrom på stallstrevet vart teke i bruk i 1984, før dette stod mykje av desse samlingane i stabbura. Saltbu frå Søre Bu vart oppsett som smiu i 1983-84, og er det siste huset som kom opp i Jutulheimen.

Vågå kommune, Eidefoss og Langmorkje almenning gav store bidrag til oppføringa av Jutulheimen, men mange andre ga også tenester, varer og kontantar. I denne tida vart det og gjeve mykje innbu og saker til museet. Som nemnd av Kristian Sveen hadde det tidleg vore store testamentariske gåver av antikvitetssamlingar i tillegg til gåver av enkeltgjenstandar. I seinare år har relieffa etter bilethauggaren Jo Visdal og felemakarverkstaden etter Ola Eide vore store gåver til Jutulheimen. Ellers har det også vore kjøp av saker som har spesiell antikvarisk interesse, slik som Sæterdalsskåpet frå sygard Kleppe som vart skaffa i 1933.

I 1961 da Øyastugu var i stand med bustad i andre etasje, vart Harald Plassen tilsett som vaktmester og flytte inn. Frå da vart Jutulheimen utleid til bryllaup, konfirmasjon o. l. Gunhild og Sigurd Grevrusten var vaktmesterar 1965 – 1973. Etter desse var Marie Rindal vaktmester 1973-1974 og Gerd Flobakk 1974-1977. Elin og Pål Grev var vaktmesterar 1977-1984, og Gro og Terje Kolstad 1985-1992. Anne Marie Laingen var vaktmester1993-1999, og Torun Kveen 1999-2002; 2002-2003 var Roger Skogum vaktmester. Ei tid budde det ikkje vaktmester i Jutulheimen, men Gunhild og Håkon Ulsand tok seg av utleie og stell. Frå 2006 er det Camilla Åsen og Egil Kveen som er vaktmesterar.

Frå 1974 fekk Jutulheimen status som halvoffentleg museum med fast løyving frå stat og fylke. Jutulheimen var med i Samnemnda for musea i Oppland. Frå 1988 vart stilling som distriktskonservator oppretta og året etter vart det handverkar, båe desse stillingane var felles for bygdamusa både i Lom, Lesja og Vågå. Samnemnda for musea i Nord-Gudbrandsdal vart oppretta i 1989, men Vågå Historielag hadde arbeidsgjevaransvaret dei fyrste åra. Jehans Storvik var distriktskonservator mykje av tida denne stillinga fanst, og Ola Stadeløkken var tilsett i handverkarstillinga.

Frå 1.1.2003 vart Museet i Nord-Gudbrandsdal MiNG oppretta som driftsorganisasjon for musea. Det vart ikkje lenger utbetalt tilskot til museumsdrift til eigaren Vågå Historielag, men likevel har historielaget hatt driftskostnadene for anlegget. Når MiNG har vist svært liten aktivitet for Jutulheimen, har dette vore ei vanskeleg tid.

Styret i Vågå Historielaget har også vore styre for Jutulheimen. Dei 50 åra Jutulheimen har eksistert er det to namn som går att med spesielt lang fartstid i styret. Trygve Håkenstad var i styret i 25 år, av dette 15 år som formann. Også Erland Grev var styremedlem i 25 år, 12 år som formann. Før dette var Olav Råstad formann i 8 år fram til 1963. Jakob J Sandbu var med i styret mykje av tida frå starten i 1929 og fram til 1963, i fleire perioder til saman ca. 13

år var han formann. Andre som var formann i stuttare perioder i den tidlege tida for historielaget var Anders Skrede, Simen Wolrath, Kaspar Øvstedal, Ivar Sjåstad og Guttorm G. Sandbu. På 1990-talet var Eirik Haugen, Rolv Fritsvold, Leif Løchen, Ivar Aasgaard og Sverre Damstuen formenn i historielaget. 1999 – 2007 har Georg Gjevre vore formann.

 

Kjelder: Møteprotokollane for Vågå Historielag

 

               Knut Raastad.