Arkiv 2023

Kveldsseto i Jutulheimen

Kva er jul? Kor gamal er jula, og kva betydning har jula?

v/Mette Vårdal

Onsdag 13. desember 2023 kl. 19.00.


Hva er jul? Hvor gammel er julen, og hvordan virker den?

Jul er kanskje den viktigste høytiden vi har, ingen kan gå gjennom desember måned uten å bli påvirket av julen. Noen juletradisjoner er eldgamle, men store deler av dagens julefeiring er relativt moderne.


Mette Vårdal er historiker og vil fortelle om julen og julefeiring opp gjennom historien, om hvordan våre juletradisjoner er blitt til, og ikke minst, hvilken betydning julen har for oss. Er julen nyttig?


Inngang kr. 100 inkl. kaffe og biteti

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

Mammut og menneske

Måndag 4. desember 2023 kl. 19.00

En reise gjennom 66 mill. år

boklansering

v/Ole Nashoug

Norges fyrste mammutfunn var på Skårvangssætrene i 1886.



Gratis inngang

Mammut og menneske – en reise gjennom 66 millioner år

Dette er tittelen på boka som er skrevet av Ole Nashoug, daglig leder ved Mammuthus, et geologisk informasjonssenter ved Hamar, og professor emeritus i geologi ved Universitetet i Oslo.

Til å begynne med skulle vi skrive om de norske mammutfunn, men med økt kunnskap tok ambisjonene nye mål, og det ble om mammuten i et globalt perspektiv.

Kveldsseto i Jutulheimen

Per Haugen – mannen som fornya dølaskurden.

v/Unni Bøyum Kluge og Tone Brun.


Onsdag 8. november kl. 19.00.


PER HAUGEN - "den dyktige treskjeraren frå Vågå"

Per var fødd på Haugen i Skogbygda i 1892. Det var mange bygdakunstnarar i slekta hans, og det var såleis ikkje å undre seg over at han alt som gutunge var interessert i å forme i tre.
Han kom i lære hjå slektningen sin, den dyktige treskjeraren Syver Jotun.

Av det mest kjende han skar var preikestol og altartavle i Skåbukyrkja.

Denne kvelden vil dykk få høyre om, og sjå noko av det fine arbeidet han gjorde.


Inngang kr. 100 inkl. kaffe og biteti.

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

Heidi Løkken Karsten frå Lalm er utdanna bunadtilvirker og arbeider spesielt med råndastakk og damaskkjol sydd etter gamalt mønster og med dei gamle teknikkane.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-.

Råndastakk og damaskkjol

v/Heidi Løkken Karsten


Onsdag 11. Oktober 2023 kl 19.00


Ottadalen og Norddalen er eitt av få område i landet der folks fest- og kvardagsklede frå 1800-talet har vore i bruk utan opphald og nå er i bruk som det vi i dag kallar bunad, både råndastakk, damaskkjol og broderte bunadar.


Kveldsseto denne kvelden vil bli ei tidsreise i bilde for å vise korleis folk kledde seg til kvardag og fest før og korleis dette vart til våre nå høgt skatta festklede. Har du ein gamal stakk, forkle eller noko anna du vil syne fram, så ta det gjerne med, så kan vi sjå på det saman.



Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Seminar om Ragnvald Skrede

Velkomen til seminar om

Ragnvald Skrede 17. og 18. oktober- 

og kveldseto i Ullinsvin den 17.10.

Samtale om Skrede ved Silje Solheim Karlsen, Kristian Lødemel
Sandberg og Ole Karlsen. Underhaldning v/Endre Skjåk m.fl. «Skredeplager: Bak dei siste blånar».


Kaffe og noko attåt.

Arr: Mållaget Ivar Kleiven i samarbeid med Nordisk Institutt ved Høgskolen i Innlandet
v/professor Ole Karlsen, Vågå historielag og Vågå bibliotek.

Kveldsseto i Jutulheimen


"Dei reisande"    v/Oddvar Romundset


ONSDAG 13. SEPTEMBER 2023 KLOKKA 19:00 


Fram til ca. 1960-talet besøkte tatere, romanifolket, fant, slarkar, kramkarar og sigøynarar Vågå og Gudbrandsdalen.


Denne kvelden vil

Oddvar Romundset fortelja om «dei reisande».
Korleis arta møtet mellom dei reisande og bygdafolket seg?
Har du minne om dei reisande er du velkomen til å dele desse.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-.

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

Jo Visdal

v/ Unn Bostad og Dag Aasheim


Onsdag 9. August 2023 Kl. 19:00

 

Dag Aasheim frå Vågå historielag og Vågåpatriot Unn Bostad held foredrag om billethauggar Jo Visdal.

Jo Visdal vart fødd i 1861 (1923) og han var treskjærar og billethauggar frå Vågå.

Visdal var ein fortreffeleg modellør av byster og relieff av kjende kvinner og menn i tida, til dømes Marie Hauge, Edvard Munch, Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-

Kveldsseto er avlyst

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

Sommarutstillinga Dugurd 

ONSDAG 26. JULI 2023 kl. 19:00

mat og tradisjon i ny og gamal tid v/Kirsten Visdal

Kveldsseto er fløtt til

Ullinsvin, der utstillinga er.

I tusener av år har Gudbrandsdalen og fjellheimen kring vore matfat og spiskammers.

Den rike og levande matkulturen tufta på lokale råvarer er hovudtema for Gudbrandsdalsmusea si utstilling i Ullinsvin i Vågå sommaren 2023.

Kurator og utstillingsdesignar Kirsten Visdal fortel om utstillinga og arbeid og tankar som ligg bak.

På utstillinga møter tradisjonelle bruksgjenstandar frå kjøken og matstell liknande gjenstandar med formgjeving av i dag.

Mattradisjon og fornying er tema på opne dagar på setrer i Vågåfjellet og det eldgamle eldhuset i Ullinsvin.

 

Inngang inkl. kaffe kr 100,-.

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Slåttdag i Ullinsvin


Demonstrasjon av ljåslått nedanfor hagen i Ullinsvin. Med Jo Kåre Bakke og Kai Valbjør.

Møt fram for å vera med og slå og hesja, eller berre for å sjå på!

Torsdag 20. juli frå kl. 9.00.





Arr.: Vågå historielag

Tur til Brynsteins-brotet i Skårvangen

Sundag 16.juli kl. 11.30 


Møt opp ved «Bilkontoret» i Vågåmo (ved sida avVågå Hotel)


Vi fyller opp privatbilar og køyrer til grenda Skårvangen for å sjå og høyre om brynsteins-brotet der.

Guide er Eirik Haugen.

Arr.: Nordheradsprosjektet, Vågå historielag, Gudbrandsdalsmusea AS

Ljåslått-kurs i Vågå

Nordheradsprosjektet vil i samarbeid

med Nordherad grendalag,Vågå husflidslag,

Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea ynskje velkome til kurs i ljåslått i vakre Vågå helga 14.-16.juli. Ta med eigen ljå viss du har - ellers får du låne.

Kurslærarar:Jo Kåre Bakke(14.-15.juli), kjent heste-kar/hovslager.

Program:

Fredag 14.juli kl. 17–20 (ca.) på Klones(tidlegare landbruksskule, adresse Klonesbakken 10): Vedlikehald/tilpassing og kvessing av ljåane slik at dei er best mogleg til slåtten neste dag.


Laurdag 15.juli kl. 8–18 (ca.) i Syhågå i Nordherad (Øvre Nordheradsvegen 940):

Her blir det kurs i ljåslått, og oppsett av ei hesje eller to i løpet av dagen. Dugurdspause med vassgraut og anna god mat, og slåttegraut (rømmegraut) om eftan.

Seinare på kvelden kan slåttefolket få vera med på eit lukka lag somNordherad grendalag skal ha på Tjønnflaten, som er 3,5 km frå Syhågå. Ta med eigen grillmat og drikke.


Sundag 16.juli kl. 11.30. Møt opp ved «Bilkontoret» i Vågåmo(ved sida av

Vågå Hotel)

Vi fyller opp privatbilar og køyrer til grenda Skårvangen for å sjå og høyre om brynsteins-brotet der. Guide er

Eirik Haugen frå Vågå historielag.

Kursavgift 500,- kr. Kursavgifta inkluderer også trakteringa i Syhågå og kaffe og kringle både på Klones fredag og i Skårvangen sundag.

Påmelding til Vågå husflidslag v/studieleiar Åse Flittie Anderssen

e-post ase.sandbu-gard@hotmail.com eller på sms til tlf.90124347. Oppgje navn, addresse, tlf.nr, e-post-addresse viss du har, og fødselsår. Frist seinast 8.juli. NB! Maks. 10 deltakarar. Etter påmelding sender vi info om innbetaling av kursavgift og ev. meir om praktiske spørsmål.


Og kombinêr gjerne ljåslått-kurset med ein tur innom Ullinsvin. Her er det mykje å sjå på, sjekk www.ullinsvin.no Flotte og allsidige utstillingar, velstelt prestegardshage, kafê Edvard og ymse aktivitetar i hus og tun.

Studieforbundet kultur og tradisjon gjev økonomisk støtte til kurset.

Kveldsseto i Jutulheimen

Ved Svare ca. 1930. Foto: Hans Joramo

Jakup Skjedsvoll fortel om gjenoppbygging av gardane i Skogbygda etter Svartedauen.

Onsdag 12. juli 2023 kl. 19.00.

I Skårvangen skjedde dette fyrst på 1600-talet.

Så seint som i 1528 ser det ut til å ha vore folketomt i grenda som grodde att med Svartedauen.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

                   Svein og drosja.

Onsdag 14. juni 2023 kl. 19.00.

Kjell Løkken fortel og viser bilde frå Svein P. Løkken sitt liv.


Her vil oss få sjå bilde frå drosjeturane og dei forskjellige bilane han har brukt. 


Inngang inkl. kaffe kr 100,-

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

                           «Bøte»

Torsdag 11. mai 2023 kl. 19.00.

Victoria Nor har jobbet i Gudbrandsdalsmusea med utarbeiding av utstillingen "Bøte" som skal være i Ullinsvin i sommer.

Samtidig har hun registrert og gått gjennom tekstilsamlingen til Vågå historielag og andre avdelinger i museet.


 Victoria  er utdannet bunadtilvirker og har vært hos oss gjennom Norsk håndverksinstitutts prosjekt "ungt tradisjonshåndverk".

 Denne kvelden får dere høre henne fortelle om arbeidet med utstillingen.

"Bøte" handler om vårt syn på tekstiler før og nå, med fokus på reparasjon og gjenbruk.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

                        Fotokveld

Onsdag 12. april 2023 kl. 19.00.

Rundt omkring i bygda ligg det album med gamle bilde, etter kvart blir det ukjend kven som er avbilda.

I historielaget og på arkivet i Ullinsvin er det nå fleire frivillige som skannar og registrerer bilde og legg dei ut på nettsider.

Mange bilde har kjende motiv, andre kan det vera nokon som kjenner når dei får sjå dei på nett.

Denne kvelden vil vi vise mange innkomne bilde på storskjerm.

Vi vil også vise korleis vi finn bilde på flickr og digitaltmuseum samt bruk av facebooksider for attendemeldingar.

Ta gjerne med bilde for skanning, vi vil gjerne låne inn meir.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Desse bilda er frå nordgard Viste.

Årsmøte


                       Jutulheimen


          Onsdag 15. mars 2023 kl. 19.00.

 

Sakliste:

  1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Innkomne saker
  6. Val av 2 styremedlemmar for 3 år

        -Val av 3 varamedlemmar til styret

        -Val av styreleiar og nestleiar

        -Val av 2 revisorar

        -Val av ny valkomite

     7. Kontingent

 


Gard og slekt

Etter årsmøtet ser vi på slekter og garddelingar på Stokstad m/Nesset, delingar og saman-slåingar av Sandbusgardane, Kleppeområdet med Bråtå, Åsen, Jukulen m.m., bruka frådelte frå Valde mellom Tessa og Arnøygarden, samt oppdelinga av Rottem. Kanskje blir det meir viss vi får tid.


Fotoarkivet

Vågå Historielag vil vise sitt fotoarkiv på Flickr.com. Mange bilder er alt lastet opp og flere kommer. Link til dette fotoarkivet ligger i menyen her. Utforsk og kos dere.




Kveldsseto i Jutulheimen

Onsdag 8. februar 2023 kl. 19.00.


Fiske i Jotunheimen, v/Trygve Hesthagen

 

"Fiske i Jotunheimen

    - frå matauk til hobby i Vågå"

er tittelen på bok av Trygve Hesthagen og Einar Kleiven.

 

Trygve Hesthagen vil fortelja om fisking i Vågå gjennom tidene.


Inngang inkl. kaffe kr 100,-.

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Kveldsseto i Jutulheimen

         Orgla i Vågåkyrkja

Onsdag 11. januar 2023 kl. 19.00.

I Vågåkyrkja har det gjennom tidene vore fleire orgel.

Kari Aasgaard og Dag Valde Aasheim fortel historia om desse.

* orgel på 1800-talet

* fleire orgel på 1900-talet

* nytt orgel i 2002; treskjæring, måling og tilpasning i     kyrkja

* freding av det gamle orgelet

* korleis kan historielaget ta vare på det freda orgelet?


Inngang inkl. kaffe kr 100,-.


Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Jutulheimen utleige.

Jutulheimen har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.


All henvendelsar og avtaler kan gjerast med


Eirik Haugen.

Tlf. 90057412.


E.post.


For opplysningar om

omvisning og opningstider m.m. så finn du det på

nettsida her.


gudbrandsdalsmusea.no

Støtte til

Vågå Historielag kan og gjerast gjennom

Grasrotandelen i Norsk tipping.

Hver gang du spiller går

5 prosent av din innsats til mottakeren du velger.

Send sms

"Grasrotandelen 971301090"

til 2020

Melding til webansvarlig her under.