
Velkommen til
Vågå Historielag
Stifta 1929


Kveldsseto i Vågå.

Onsdag, 12. august kl. 19.00 i Jutulheimen
Caroline Ingeborg Halvorsen (1853-1926) frå Vågå var ein pioner, og blir sett på som ein banebrytar for metodisk handarbeidsundervisning frå 1880-åra og heilt inn i mellomkrigstida.
Caroline Ingeborg Halvorsen var lærar ved
Den kvindelige Industriskole i ei årrekke og skreiv fleire bøker som vart brukt i skuleverket.
Denne kvelden vil Barbro Tronhus Storlien fortelje om Vågås litt ukjende men store dotter innan handarbeidsundervisning.
Pris: 100 kr. Inkludert kaffe og biteti
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Vågå historielag og Vågå husflidslag.
Velkommen.
Pioneren Caroline Halvorsen.
Kveldsseto i Vågå.

Gunvor Nervold Antonsen med foredrag.
Torsdag 30. juli 2026 kl. 19.00
Kvar: Utstillinga SPOR / TRE i Kvernvegen 2 i Vågå. (Bak Kiwi)
Pris: 100 kr inkludert kaffe og biteti.
Med eit eksperimentelt, energisk og grovskore formspråk utforskar Gunvor Nervold Antonsen samfunn og eksistens, ofte med ei personleg og lokal forankring. Kreftene i naturen, råskap og syklusar er i konstant samspel i det kunstnariske uttrykket hennar.
Nervold Antonsen arbeider òg med litterære tekstar og performative lesingar – åleine og saman med andre, til dømes i prosjekta Vi er margen(2019) og I meg finnes du (2026). Ho samarbeider også med musikarar i framføring av eigne tekstar, som i Fra samtaler med(2023), Lyset i din kropp(2024) og I meg finnes du(2026).
Gunvor Nervold Antonsen er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, og ho har stilt ut mellom anna i Kunstnernes Hus, Trondheim kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Lillehammer Kunstmuseum og Bomuldsfabriken Kunsthall. Ho er innkjøpt til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Regjeringskvartalet, Noregs Bank og Utanriks-departementet, og ho har skapt offentlege verk for fleire institusjonar.
I Vågå viser ho verk frå seriane De fleksible (2022–2023), skulpturar i gran og ask, utført i samarbeid med Erik Pettersen, og ein måleri-installasjon frå Spring Burial (2014).
Utgangspunktet for De fleksible er samtalar over tid mellom kunstnaren og menneske som har levd utsette liv. Ut frå samtalane skapte Nervold Antonsen ei biletforteljing som formidlar makt og avmakt, og som bestod av fleire enorme tekstile montasjar, skulpturar og relieff i tre, og dessutan eit lydverk med forteljingar frå menneska ho hadde samtala med. Det heile vart vist på Kunstnernes Hus i 2023.
To av skulpturane er i Vågå, to monumentale menneskefigurar. Røft skorne ut med motorsag av heile stammar i gran og ask er dei berarar av synlege sår og sprekkar. Merka etter motorsaga i figurane er spor etter den kunstnariske prosessen og synleggjer at kunsten, som mennesket, går gjennom kampar. Det grove og formlause i uttrykket forsterkar ideen om elastisitet og å vera tøyeleg. For Nervold Antonsen handlar det om mennesket si unike evne til å strekke seg og tilpasse seg.
Eit mål for Gunvor Nervold Antonsen er å føre saman motsetningar – det materielle og det immaterielle, vekst og forfall. Råskapen i uttrykket er heilt sentral, både i det tekniske, i materialane og i utføringa.
Gunvor Nervold Antonsen bur og arbeider i Rollag i Numedal.
Arrangør:Gudbrandsdalsmusea / Ullinsvin / Vågå historielag.
Velkommen!
Kveldsseto i fjoset i Ullinsvin.
Samtale med Line Bøhmer Løkken.
Onsdag 22. juli 2026 kl. 19.00
Velkommen til ein kveld midt i utstillinga FLATRØSTA HØGREIST i Fjoset i Ullinsvin.
Kva ligg bak utstillinga, og kva ynskjer kunstnaren å få fram i bileta sine?
Bli med inn i utstillinga – og bak kameraet.
Kurator Kirsten Visdal vil saman med fotograf Line Bøhmer Løkken ta oss med inn og bak utstillinga FLATRØSTA HØGREIST.

Med prosjektet SPOR/TRE tek Gudbrandsdalsmusea eit djupdykk ned og inn i bygningsarven i Gudbrandsdalen. Målet med utstillingane er å løfte medvitet om bygningsarven som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. Korleis kan ei utstilling om bygningskulturen vere med å inspirere til og vidareutvikle ny design, ny arkitektur, nytt formspråk? Og korleis kan vern og gjenbruk vere eit skjold mot eit eskalerande forbrukssamfunn?
SPOR / TRE er ei vifte med fleire tiltak, mellom anna ei omfattande fotoutstilling om bygningsarv. Den anerkjente biletkunstnaren og fotografen Line Bøhmer Løkken stiller ut poetiske og sterke foto i Ullinsvin i Vågå under tittelen FLATRØSTA HØGREIST. Løkken har vakse opp med folk med godt handelag: Broren Kjetil er tømrar. Far hennar smir, snikrar og løyser alle slags praktiske oppgåver. «Båe syner stor omsorg for materialane og kunnskapane om arbeidet», seier Line. Med dette som bakteppe har Line Bøhmer Løkken gjeve seg i kast med bygningsarven gjennom fotografiet.
I utstillinga kjem du tett på historia og forteljingane om einskildmenneske og levd liv. Med utstillinga ynskjer vi å gje plass til minna og forteljingane om dei som har levd før oss, men òg bygningsarv som forankringspunkt og ramme om identitet og tilhøyr – i dag.
Inngang 100 kr. inkl. kaffe og bite
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Ullinsvin og Vågå historielag
Velkommen!
Kveldsseto og boklansering.
Velkomne til en kveld på Tronhus i Randsverk.
Om Jens Tronhus.

Onsdag, 3. juni kl.19.00
Tor Henning Evensen fortel om Jens Tronhus sitt liv og virke i Randsverk og Jotunheimen. Etter Jens Tronhus sin død i 1924 skreiv forfattaren
Theodor Caspari:
«En ærligere, noblere, meir retlinjet og sympatisk fjeldmand end Jens Tronhus har Gudbrandsdalen aldrig fostret. De hundreder og hudreder av turister, som i en lang aarrække har gjestet ham i Randsverk, vil med en mund bekræfte denne dom»
Kven var så denne Jens Tronhus?
Tor Henning Evensenhar skrive boka Jens Tronhus 1846-1924 – mannen, familien, historien, myter, fortellinger.
Tiden han levde i og mennesker han møtte.
Denne kvelden tek Evensen oss gjennom historia og boka,
og du får sjølvsagt kjøpt eit eksemplar!
Stad: Tronhus, Randsverk, Fugelsætervegen 1, 2683 Tessand
Pris: 100 kroner inkludert kaffe og biteti.
Arrangør: Randsverk grendalag, Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

Kveldsseto i Jutulheimen
Felestiller i folkemusikken
Onsdag 13. mai 2026 kl. 19.00
v/Leif Inge og Eirik Schjølberg
Skordatur (italiensk scordatura) betyr omstemming av eit strengeinstrument.
Visste du at dette ikkje berre var vanleg i folkemusikken, men også hadde ein viktig plass i klassisk musikk?
I moderne tid har tradisjonen halde seg særleg sterk i folkemusikken.
Denne kvelden tek vi eit steg tilbake til 1500-talet og følgjer fiolinen gjennom historia,
medan vi utforskar åtte–ti ulike felestillingar – og høyrer musikken som høyrer til kvar av dei.
Velkomne til ein triveleg kveld i Jutulheimen!
Inngang: 100 kr. inkl. kaffe og biteti.
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea.

Kveldsseto i Jutulheimen

O K B
v/Stig Aaboen og Elias Sperstad
Onsdag 8. april 2026 kl. 19.00
Ottadalen Kommunale Billag blei etablert i 1943 på tuftene etter Skjåkbilane, Ottadalen Kommunale Auto (OKA), Otta-Geiranger-Stryn (OGS) og Heidal Auto.
OKB sitt primærområde var eigarkommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Etter kvart var rute- og transportnettet utvida med bl.a. «Lillehammerruta».
Denne kvelden kjem Stig Magnus Aaboen og Elias Sperstad. Dei vil fortelje om
Ottadalen Kommunale Billag.
Dei har òg skreve ei praktbok om temaet - som dei tek for seg denne kvelden.
- Historia frå hest til bil
- Billaga før OKB
- Sjåførane, historiene og identiteten.
Velkomne til ein triveleg kveld i Jutulheimen!
Inngang: 100 kr. inkl. kaffe og biteti.
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea.
Innkalling til årsmøte.
I Jutulheimen
Onsdag 11. mars 2026 kl. 19.00.
Sakliste:
1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Innkomne saker
6. Val av 2 styremedlemmar for 3 år
Val av 3 varamedlemmar til styret
Val av styreleiar og nestleiar
Val av 2 revisorar
Val av ny valkomite
7. Kontingent
Gard og slekt.
Etter årsmøtet ser vi på gamle plassar og busetjing på Sæta, Skjellum og Øygardane.
Velkommen.
Kveldsseto i Jutulheimen
Onsdag 25. februar 2026, kl. 19.00
31 dagar i ukjend villmark.
Denne kvelden kjem murudølen Pål Atle Fagerli og vil fortelja om sitt livs eventyr i Canada.
3. juli 2023 tok eg mine fyrste padletak frå indianarlandsbyen Whati i Nordvest-territoria i Canada.
630 kilometer og 31 dagar seinare kom eg fram til Deline – den einaste busettinga ved Store Bjørnesjø.
Gjennom urørt villmark, langs slyngande elver og nærmøte med bjørn og ulv, ga turen meg minner for livet.
Eventyr i Canada
Pål Atle Fagerli

I foredraget fortel eg om dragninga mot canadisk villmark,
og kva rolle Helge Ingstad og hans læremeister Hjalmar Dale har hatt for mi friluftsinteresse.
Kvifor vel nokon å reise ut i det ukjende?
Eg deler tankar kring planlegging, gjennomføring – og ikkje minst ettertanken ein slik tur gir.
Inngang: 100 kr. inkl. kaffe og biteti.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag.
Kveldsseto i Jutulheimen
Om altertavla i Vågå kyrkje.
Hans-Jacob Dahl kjem til Jutulheimen.
for å fortelja om den vakre altartavla frå 1600-talet.
Onsdag 14. januar klokka 19.00
Hans-Jacob Dahl har skrive bok om altartavlene etter Johannes Skråstad, og har stor kunnskap om dei og anna kyrkjekunst. Dahl tek også for seg målinga til Peder Joensen med motiva frå nattverden og korsfestinga, i tillegg til akantusutsmykkinga til
Østen Kjørren på 1700-talet.
Velkommen.
Inngang: 100 kr. inkl. kaffe og biteti.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag.
Sætrene i Vågå
Vågå Historielag har flere bøker på lager av denne boka.
Boka kom i 2022 og beskriver omtrent 480 sætrer i Vågå. Alle bileta er fra fotoarkivet til Vågå Historielag.
Den kan bestillast ved å kontakte forfatter og styreleiar i historielaget Knut Raastad på e.post eller telefon.
Boka kostar 290,- + porto/frakt.

Fotoarkivet
Vågå Historielag viser sitt fotoarkiv på Flickr.com. Over 5000 bilder er alt lastet opp og flere kommer. Link til dette fotoarkivet ligger på menylinja over som "Fotoarkivet" . Utforsk og kos dere.
Vil du bli medlem ?
og støtte Vågå Historielag kan det gjerast ved å betale for livsvarig medlemskap på kr. 300,- til bankkonto 2085.25.95311.
Eller ta kontakt på e.post
I tillegg blir det utskrivi årleg frivillig medlemspengar på kr. 150,-

Jutulheimen utleige.
Jutulheimen har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.
All henvendelsar og avtaler kan gjerast med
Kristin Akslen Hagen.
Tlf. 90511168.
For opplysningar om
omvisning og opningstider m.m. så finn du det på
nettsida her.
Melding til webansvarlig her under.
