Framsida.

Kveldsseto i Jutulheimen

To store kunstnarar i Vågå

onsdag 09.10.2024 kl. 19.00

Jo Visdal (1861-1923)

Jo Visdal var treskjerar og bilethoggar frå Vågå. Han var ein fortreffeleg modellør av byster og relieff av tidas kjende menn og kvinner.

Treskurden prega interiøret i kyrkjer, men også mange heimar. Visdal reiste til Kristiania i 1880, 19 år gamal.

I hovudstaden fekk han hjelp av språkmannen Halfdan Halvorsen, som var sambygding frå Vågå, og treskjeraren Johannes Odden frå Lom.

Han fekk arbeid hjå møbelsnekkar-meisteren H.W. Schrøder, som hadde fylgjande å seie om eleven;

«Det var svært til flink læregut du skaffa meg! Eg sette han til å gjere eit rundt bord; og det var ferdig i ein-to-tre!»

Jo Visdal gjekk på Den kongelige Tegneskole med Julius Middelthun som sin lærar, og mottok også korreksjon frå Oscar Wergeland på same skule.

Han var god venn med Edvard Munch. Visdal var den einaste som fekk laga ein byste av Munch medan han var i live. Munch besøkte Visdal fleire gonger i Vågå og budde på hytta hans «Venjastugu».

Jo Visdal modellerte dei norske kronemyntane som vart utgjeve mellom 1908 og 1917.

William Duppa Crotch (1832-1903)

William var god ven med Eardley John BlackwellKlones, der han var mykje fram til Blackwell døydde i 1866.

I 1868 gifta han seg med enka etter Blackwell, Mari f. Svee og vart verande på Klones.

William var født 1832 i Somerset, England. Han gjennomførte Master of Arts i Oxford i 1863. Studerte medisin, men tok ikke avsluttande eksamen.

I Jutulheimen heng det mange vakre akvarellar av Duppa Crotch vi skal sjå på denne kvelden.

Vi ser på utstillingane i Jutulheimen.


Inngang inkl. kaffe og biteti kr 100,-

Arr: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea AS

Velkomen til kveldsseto på Sagflaten!

Torsdag 19. september 2024 kl. 18.00.


Omvising og foredrag på Sagflaten om viktigaste industri i førre århundre i Sel og Vågå.

Klebersteinsfabrikken og verkstaden på Sagflaten mellom Nord-Sel og Vågå er eit verneverdig kulturminne i fremste rekkje.

Det har Norsk bergverksmuseum slått fast. Grunnen er rett og slett at anlegget truleg er det einaste i sitt slag som er nokolunde intakt.

Dei siste åra har eit toppa dugnadslag lagt ned ein imponerande innsats og fleire millionar kronar i restaurering av Sagflaten klebersteinsfabrikk på Selsåsen.

Sagflaten blir det omvisning ved primus motor og kunnskapsbank Kjell Voldheim som har lagt ned ein enorm innsats som friviljug.


Les meir om den rike bergverkshistoria på Sagflaten her:

https://www.selhistorie.no/nord-sel/sagflaten.html


Kaffe og biteti ved Vågå historielag


Deltaking: kr 100,-


Adresse: Sagdalsvegen 353 - køyr opp frå Nord-Sel.

Gudbrandsdalsmusea AS

Kveldsseto. 

Omvising I Sælatunga Hagebruk

Onsdag 14. august 2024 kl. 19.00


På eit idyllisk lite småbruk i fjellbygda Vågå, satsar Rønnaug og Dag Inge på dyrking av grønnsaker. Sælatunga Hagebruk driv eit naturleg jordbruk utan sprøytemiddel og kunstgjødsel.

Sælatunga Hagebruk tilbyr kortreiste grønnsaker - og i kveld tek Rønnaug Stjernvang oss med på omvising i den grøderike idyllen!

Påmelding: Send namn på SMS til

Kristin på mobil 905 11 168

Maks 20 deltakarar.


Inngang: kr 100,- inkludert kaffe og biteti.


Arr: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea AS

Kveldsseto i Jutulheimen

Landslova 750 år

Onsdag 31. juli 2024 kl. 19.00.


Landslova av 1274


Landslova er den fyrste riksdekkjande lovboka i Europa som faktisk vart brukt, og dermed kunne ein gjennomføra ei omfattande samfunnsreform av Noreg.

Lovboka fekk ei levetid på 400 år, og er ved sida av Grunnlova av 1814 kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie.

Jakup Skjedsvoll fortel denne kvelden om lova, og kva dette har betydd for Noreg.

 

Inngang kr. 100 inkl. kaffe og biteti.

(foto: Magnus Lagabøtes landslov, fotografert på Nasjonalbiblioteket i utstillingen Opplyst. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket)

Arr.: Vågå Historielag og Gudbrandsdalmusea.

Kveldsseto i Jutulheimen

     LIN. Frå frø til tråd.


24.juli 2024 kl.19.00

Kirsten Visdal og Bjørg Schultz vil denne kvelden ta oss gjennom utstillinga LIN som er å sjå i Ullinsvin gamle prestegard denne sommaren.

Foredraget er både teoretisk og praktisk og finn stad både i Jutulheimen og Ullinsvin.

19:00 i Jutulheimen

 -Bjørg viser prosessen frå frø til tråd
 -Historisk perspektiv
 -Bærekrafts-perspektiv
 -Kaffe og biteti

20:00 i Ullinsvin

 -Felles vandring frå Jutulheimen ned til         Ullinsvin (evt køyr bil)
 -Omvising i utstillinga LIN. Frå frø til tråd
 -Produksjon og bearbeiding - demo ved

  Bjørg Schultz
 -Aurbu lokalmatutsal i Ullinsvin er ope.


Inngang:100,- inkl kaffe og biteti.

Arr.: Vågå Historielag og Gudbrandsdalmusea.

Kveldsseto. 

      AVLYST

Det er varsla regn. Vi prøver til att seinare.

Historisk vandring til Kampen ovanfor Skultbakken.

Onsdag 12. juni 2024 kl. 19.00.

Passfoto av Ola Kampen

Den kjende spelemannen Ola Kampen hadde namnet sitt frå ein plass ovanfor Skultbakken.

Det har vore prata om akkurat kvar dette var.

Høa ovanfor Skultbakken heiter Kampen og namnet på heimen har nok fått namnet frå denne.

* slekta frå Kampen

* spelemannen Ola Kampen

* musikk blir det også

* «Kampen og ho Kari»





Frammøte på Skultbakken

Inngang kr. 100 inkl. kaffe og biteti.

Arr.: Vågå Historielag og Gudbrandsdalmusea.

Kveldsseto i Jutulheimen

                 Slektsgransking


v/Gudbrandsdal Slektshistorielag

Onsdag 8. mai 2024 kl. 19.00.


Kvifor driv vi med slektsgransking.

Presentasjon av Gudbrandsdal Slektshistorielag.

Medlemsskriftet Gudbrand.


Kjelder og arbeidsmåtar:

*Opplandsarkivet i Ullinsvin – kva kan ein finne der.

*Digitalarkivet – kyrkjebøker, folketeljingar m.m.

*Slektssøk i Amerika.

*Søk i gravsteinopplysningar.



Inngang kr. 100 inkl. kaffe og biteti.


Arr.: Vågå Historielag og Gudbrandsdalmusea.

Dugnad i Jutulheimen.

Det blir dugnad ute i Jutulheimen, tysdag 7.mai -2024. Frå kl.18.00.🌿

Det blir raking, rydding og donting kring husa og i tunet.

Ta med rive og evt anna utstyr.

Servering!       Vel møtt!🌿

Årsmøte.

Vågå Historielag


Årsmøte i Jutulheimen.

Onsdag 10. april 2024 kl. 19.00.


Sakliste:

1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Innkomne saker

6. Val av 2 styremedlemmar for 3 år

Val av 3 varamedlemmar til styret

Val av styreleiar og nestleiar

Val av 2 revisorar

Val av ny valkomite

7. Kontingent


Gard og slekt

Etter årsmøtet ser vi på gardar og slekter:

*Sørlien/Nerlien- og Eide-området i Ottdalen

*Holongsøyen og Rusten

*Reiregrenda og Melingen

*Randsverk og Storvikssætrene mm.

Jutulheimen

Bersveinstugu.

Foto fra Norske gardsbruk.

Fotoarkivet

Vågå Historielag viser sitt fotoarkiv på Flickr.com. Over 5000 bilder er alt lastet opp og flere kommer. Link til dette fotoarkivet ligger på  menylinja over som "Fotoarkivet" . Utforsk og kos dere.




Kveldsseto i Jutulheimen

Villmarksliv i norske fjell

     Francis M Wyndham


Onsdag 10. januar 2024 kl. 19.00.

v/Ole Kristian Ødegård

Foredraget handler om Francis M Wyndham sin fantastiske Norgesreise i 1859 og hva som skjer med ham i livet etter denne turen.

Fra Bjørnejakt i Hardanger til Reinsjakt i Jotunheimen. Fra eventyrfortelleren

Peter Christen Asbjørnsen til gammalost i Bøverdalen.

Fra Jo Gjende, Petter Tronhus, og den vakre seterjenta fra Smådalssetra i Lom til den katolske Biskopen i London.


Inngang inkl. kaffeservering kr 100,-

Arr.: Gudbrandsdalmusea og Vågå historielag

Vil du bli medlem ?

og støtte Vågå Historielag kan det gjerast ved å betale for livsvarig medlemskap på kr. 300,- til bankkonto 2085.25.95311.

Eller ta kontakt på e.post

post@vaagaa-historielag.org


I tillegg blir det utskrivi årleg frivillig medlemspengar på kr. 150,-

Jutulheimen utleige.

Jutulheimen har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.


All henvendelsar og avtaler kan gjerast med


Eirik Haugen.

Tlf. 90057412.


E.post.


For opplysningar om

omvisning og opningstider m.m. så finn du det på

nettsida her.


gudbrandsdalsmusea.no

Støtte til

Vågå Historielag kan og gjerast gjennom

Grasrotandelen i Norsk tipping.

Hver gang du spiller går

5 prosent av din innsats til mottakeren du velger.

Send sms

"Grasrotandelen 971301090"

til 2020

Melding til webansvarlig her under.