
Velkommen til
Vågå Historielag
Stifta 1929


Her under er den store jobben med innsamlinga av stadnamn vist fram. Nummereringa finn dykk også på kartet over Vågå her.
Namneprosjekt Oppland Trond-Ole Haug
Namneprosjekt Oppland var eit fylkeskommunalt prosjekt som gjekk frå 1988-1990. Underteikna var prosjektleiar i halv stilling desse tre åra.
Målet for prosjektet var å få sett i gang innsamling av stadnamn i kommunane. Prosjektet hadde ei svært kompetent styringsgruppe, med fylkeskonservator Arnfinn Engen, Torleif Alderslyst frå fylkeskartkontoret i Oppland,
Anne-Lise Svendsen (Samnemnda for musea i Oppland), Tom Schmidt (Institutt for namnegransking, Universitetet i Oslo), Anita Smestad (Samarbeidsrådet for historielaga i Oppland) og underteikna (Embetseksamen med Nordisk hovudfag og hovudfagsoppgåve i «Stadnamn frå Vågå».
Prosjektleiaren og Tom Schmidt frå Institutt for namnegransking ved Universitetet i Oslo hadde kurs i 18 kommunar. Kursa gjekk over to kveldar, med nokre vekers mellomrom.
I tillegg var det igangsett og fullførte innsamlingar av stadnamn i Lillehammer og Gjøvik tidlegare.
I Vågå fekk Kari O. Storvik oppdraget med å fullføre namnprosjektet i Vågå – etter at svært mange var med på sjølve innsamlingsarbeidet.
Kart: | Kartbeskrivelser: |
-Mangler beskrivelse. |
