Framsida.

Velkommen til

Vågå Historielag

 

 

 

Jutulheimen

 

har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.

 

 

All henvendelsar og booking kan gjerast til

 

Eirik Haugen.

Tlf. 90530671.

 

E.post.

 

For opplysningar om

omvisning og opningstider m.m. så finn du det på

nettsida her.

 

gudbrandsdalsmusea.no

 

 

 

 

 

 

Vågå Historielag og

styreleiar kan

treffast på.

 

 

Alle medlemmar

 

får Jutulen tilsendt

i posten.

Vil du bli medlem

og støtte historielaget

kan det gjerast ved å

betale for livsvarig medlemskap på kr. 300,- til bankkonto

 

2085.25.95311

 

I tillegg blir det utskrivi årleg frivillig medlemspenger på kr. 100,-

 

Støtte til

Vågå Historielag kan og gjerast gjennom

Grasrotandelen i Norsk tipping.

Hver gang du spiller går

5 prosent av din innsats til mottakeren du velger.

Send sms

"Grasrotandelen 971301090"

til 2020

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto i Jutulheimen

Skogforvaltar Simen Wolrath

 

Dag Aasheim fortel om skogforvaltar Simen Wolrath og spesielt om hans arbeid i Vågå Historielag og med innsamling av bygdahistorie.

Etterpå blir det filmopptak frå 1960-talet om Kvieriddaren og Skårvangssola, vi kjenner att fleire eldre vagverar.

Onsdag 12. april 2017 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

Arr.: Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

Årsmøte

 

 

Innkalling til årsmøte i Jutulheimen onsdag 8. mars 2017 kl. 19.00.

Sakliste:

1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Innkomne saker

6. Val av 1 styremedlem for 3 år

Val av 3 varamedlemmar til styret

Val av styreleiar og nestleiar

Val av 2 revisorar

Val av ny valkomite

7. Kontingent

 

Fotokveld

 

I samband med årsmøtet blir det fotokveld. Med oppfordring om å ta med gamle bilder for skanning til historielagets fotoarkiv.

Vi viser denne kvelden tidlegare innsamla bilder på stor skjerm.

 

 

 

 

 

 

Bildet viser Maria Dalen som hentar vatn frå brunnen, legg merke til brunnstanga.

Foto: Kjell Andersen

 

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto i Jutulheimen

 

Frå København til Vågå i dansketida

Prestefamiliane med impulsar og kunnskap frå ute i verda.

Foredrag:

Ivar Teigum: "Kongens prestar i Vågå i dansketida"

Torveig Dahl: "Fru Christine og hennar kokebok"

Onsdag 8. februar 2017 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

Arr.: Vågå Historielag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea as.

 

«Potetprest» er ein betegnelse på prestar som på 1700-talet, dels etter kongeleg pålegg,

oppfordra til meir dyrking av poteter i Norge (Wikipedia).

Bildet viser presten i front for konfirmantane der dei går forbi ein stor potetåker.

Foto frå Kjell Andersen

 

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto i Jutulheimen

 

Forteljarkveld om reinsjakt.

- Med oppfordring om å koma og fortelja jakthistorier.

- Gammalt lydbandopptak om reinsjakt i Skårvangsfjellet.

- Gamle bilder av reinsjakt i Gjendetraktene.

- Jakthistorier nemnde i lokalhistorisk litteratur.

Onsdag 11. januar 2017 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

Bildet viser:

F.v. Kronprins Gustav (seinare Kong Gustav 5. av Sverige, Jens Tronhus og hoffjegermester Thomas Fearnley. På Russfjellet.

 

 

Arr.: Vågå Historielag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea as.

 

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto i Jutulheimen

 

Gunnar Sandbo fortel om posthistoria i Vågå 1850-2001:

- dei ulike postkontora på Lalm, i Vågåmo, på Tessanden

- brevhusa i Randsverk, Sjodalen og Nordherad

- postrutene både i bygda og bortover fjellet

- postopnarane, ofte gjekk dette i arv

Postkontoret i Vågåmo og på Lalm.

Onsdag 14. desember 2016 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

 

 

 

Arr.: Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

 

Magnus Berg

Den gløymde kunstnaren frå gruvesamfunnet i Sel.

 

Seminar sundag 27. november kl. 16.00-18.30 i Nord-Sel kyrkje

28. november i år er det 350 år sidan Magnus Berg (1666-1739) vart truleg fødd i Sel, der han voks opp i eit ungt gruvesamfunn.

Han vart i si tid ein kjend kunstnar av europeisk format, og levde store delar av livet i København.

Faren arbeidde ved kopparverket i Sel (etablert i 1642) og han var i nær familie med fenrik Just Mogensøn Berg som eigde Olstad gård og var også knytta til drifta ved verket.

Som ung var Magnus i teneste åt soknepresten i Vågå og Sel - Henning Munch - og det var nok han som oppdaga det store kunstnartalentet Magnus Berg hadde.

Seminaret vil ha et hovedfokus på Magnus Berg sin bakgrunn og tilknytning til Sel og Vågå.

Program:

Hans Jacob Dahl. Magnus Berg, treskjærar, malar og elfenbenskunstnar. Eit 350-års minne.

Ivar Teigum. Om ei rettssak i Vågå 1682 der Magnus Berg var vitne og om levekår på den tida.

Kjell Voldheim. Sel Kopparverk på Magnus Berg si tid.

I tillegg skal vi vise bilete frå nokre av dei elfenbeinsrelieffa han laga i København og som i dag er stilt ut på Rosenborg slott.

Det blir også kaffe og biteti, og høve til vidare prat om tidleg verkshistorie og Magnus Berg.

Alle velkomne!

Arrangørar: Sel historielag, Vågå historielag, Gudbrandsdalsmusea as og Hans Jacob Dahl.

 

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto om Island

 

Ola Grøsland om historie, sagalitteratur og særtrekk i språket med samanlikning mot vår dialekt.

Ljosbildekåseri frå turar på Island, bl.a. tur øya rundt.

 

Jutulheimen onsdag 9. november 2016 kl. 19.00.

Kaffespleis.

 

 

 

 

 

 

 

Bilde viser kyrkja ved innløpet til hamna i Vestmannaeyar.

Kyrkja vart bygd i Lom og var Norges tusenårsgåve til Island.

 

 

Arr.: Vågå Historielag

Alle velkomne!

 

 

 

********************************************************************************

 

Kveldsseto om Tor Jonsson

 

Lansering av Årbok for Gudbrandsdalen 2016

med dikt og foredrag av Hans Sandviken.

Hans Sandviken frå Vågå, busett på Vinstra, er ein av forfattarane i årets utgåve av årboka.

Der er han representert både med sitt eige dikt “Bygde-Noreg” og artikkelen

Kva meinte avismannen Tor Jonsson?”.

 

Jutulheimen onsdag 12. oktober 2016 kl. 19.00.

 

 

 

Arr.: Vågå Historielag i samarbeid med Dølaringen/Gudbrandsdal historielag.

 

Alle velkomne!

 

 

 

 

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto om livet på setra

 

Jutulheimen onsdag 14. september 2016 kl. 19.00.

 

Filmopptak: Ostproduksjon på Nistingen og vintersetring i Sjodalen.

Gamle lydopptak frå Vågå om seterliv, vinterlego og driftefe.

 

Inngang inkl. kaffe kr 50,-.

 

 

 

Arr.: Vågå bygdekvinnelag og Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

Historisk vandring til Nistingen

 

Tema: Busetjingshistorie, vatningsveiter, setring m.m.

Lokale guider.

Onsdag 10.8.2016 kl. 18.00.

Frammøte ved Midtli.

 

 

 

Arr.: Nordheradsprosjektet og

Vågå Historielag

 

 

 

**********************************************************************************

 

Hytter og hus som Vågå Historielag eig.

 

Sundag 12. juni tek vi ei runde og ser på desse husa og pratar om historia.

Frammøte i Jutulheimen kl. 10.00 med organisering av samordna kjøring.

Deretter Ullinsvin, torvstrøhuset, kvilingsfjøset i Randsverk og Jo Gjendebua og dei andre buene ved Gjende.

Kaffeservering ved Gjende, ta med niste.

 

 

 

Alle velkomne!

 

 

 

**********************************************************************************

 

**********************************************************************************

 

 

 

Vasspreiarar i Nord-Gudbrandsdalen

 

Vågå Historielag skal til Sel for å sjå på ei stor samling av vasspreiarar.

Mykje av 1900-talet var det stor produksjon av vasspreiarar fleire plassar i Nord-Gudbrandsdalen.

Frank Turmo på Moen gard på Selsverket har ei nær komplett samling av alle typene som vart laga.

Onsdag 11. mai, frammøte Smedsmo/YX kl. 18.00 for samordna kjøring.

Gje attendemelding den som blir med!

Bileta viser fyrste vasspreiaren på sygard Valde og ein Valdevatnar som enda er i bruk.

 

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto i Jutulheimen

 

Terje Kleiven og Kjell Voldheim fortel om steinindustrihistorie:

 

- Sel koparverk.

- Kleber: historia til Østlandske, Bårstad og Sagflaten.

- Arbeidet med å bevare Sagflaten.

- Litt om skifer.

 

 

Onsdag 13. april 2016 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

 

 

Arr.: Gudbrandsdalsmusea AS og

Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

 

Årsmøte i Vågå Historielag

 

Innkalling til årsmøte i Jutulheimen onsdag 9. mars 2016 kl. 19.00.

 

Saksliste:

1. Val av møteleiar og en til å skrive

møteboka.

2. Godkjenning av innkalling og saksliste.

3. Årsmelding.

4. Rekneskap.

5. Innkomne saker.

6. Val av 2 styremedlemmar for 3 år.

Val av 3 varamedlemmar til styret.

Val av styreleiar og nestleiar.

Val av 2 revisorar.

Val av ny valkomite

7. Kontingent.

 

I samband med årsmøtet blir det kåseri om Svalbard. Gunnar Gjesling Sandbo vil vise bilete og fortelja om turistfarten på Svalbard 1891 - 1907.

Vidare vil han ta for seg ein del om polferdene til Nansen og Amundsen.

 

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto i Jutulheimen

Vatningshistorie i Nord-Gudbrandsdalen

Ivar Teigum vil med utgangspunkt i den nye boka si “Utvegar til vatn” fortelja om vatningshistorie i Nord-Gudbrandsdalen, onsdag 10. februar 2016 kl. 19.00.

Det blir spesielt lagt vekt på vatningsveitene i Vågåmo.

Teigum viser ein del bilde og seier noko om Knut Sortdal og arbeidet hans på Klones.

Bilde syner vassveita midt i sentrum av Vågåmo, ein ser kyrkjebolken til venstre for barnetoget.

Foto etter Augusta Holmboe, Vågå Historielags fotoarkiv.

 

 

Kaffespleis.

Alle velkomne!

Arr.: Gudbrandsdalsmusea AS og Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto i Jutulheimen

med Ole Kristian Ødegård.

 

Historia om treskiproduksjonen i Søre Krukhaugen, skikjelken has Jo Gjende og jakta på «Den støste staalpipa»

 

Onsdag 13. januar 2016 kl. 19.00.

 

 

 

 

Ole Kristian Ødegård

 

-Kåseri om skiproduksjonen min i Søre Krukhaugen.

Litt om inspirasjonen og filosofien bak dette og historier/bilder hentet fra fine skiturer som skia har gitt meg.

I denne historia vil jeg også ta for meg historia om skikjelken has Jo og hvordan den til slutt endelig havnet på Gjendesheim.

Som dessert skal jeg si litt om jakta på stasbørsa has Jo «Den støste Staalpipa» og Amerikasporet.

Arr.: Vågå Historielag

Alle er velkomne!

 

**********************************************************************************

 

Fotokveld

 

Vågå Historielag inviterer til fotokveld i Jutulheimen onsdag 9. desember 2015 kl. 19.00.

 

Med oppfordring om å ta med gamle foto for skanning og lagring i databasa til Vågå Historielag, og utleggjing på heimesida.

 

Vi viser på storskjerm ein del av det som er innkome, spesielt frå samlinga etter Ansgar Brekke.

 

Ansgar Brekke var fotograf i Vågå 1937-1943 og historielaget har fått ei samling på over 400 glasplate-negativar frå denne tida. Mange av bileta er portrett av yngre personar så mange i dag vil kjenne att kven som er fotograferte.

 

Vi har fått namn på ein del av bileta. Bli med og sjå om vi kan få namna fleire! Sigurd Granrud.

 

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto

50 årsjubileum for stemne i Vågå

Tor Stallvik og Syver Berge har ljosbiletekåseri om landsstemnet til Noregs ungdomslag i Vågå i 1965.

Kristian Venås, som var sentral med alle teaterframsyningar, blir også med og mimrar.

Jutulen var også synleg fleire gonger under stemnet!

Jutulheimen onsdag 11. november kl. 19.00.

Alle velkomne!

 

Arr.: Vågå Ungdomslag og Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

 

Foredrag om altartavla i Vågåkyrkja

 

I haust har Oplandske bokforlag gjeve ut ei bok der Hans-Jacob Dahl har skrivi om altartavler som er skore av Johannes Skråstad.

Den gamle særprega altartavla i Vågåkyrkja er svært sentral i denne samanhengen.

Hans-Jacob Dahl har foredrag om denne altartavla i

Vågåkyrkja fredag 30. oktober kl. 19.00.

Alle er velkomne !

 

 

 

Altertavla og evangelisten Johannes som er ein av figurane.

 

 

 

 

Arr.: Vågå kyrkjelege fellesråd og Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

 

Kveldsseto om livet på setra

 

Jutulheimen onsdag 14. oktober 2015 kl. 19.00.

Filmopptak: Ostproduksjon på Nistingen med bl.a. Livø Grev Øyen, samt vintersetring i Sjodalen.

Gamle lydopptak frå 1947 om vinterlego og driftefe.

 

Arr.: Vågå Historielag

 

 

Svangros på nigard Berge-setra i 1968.

 

 

 

 

 

**********************************************************************************

Melastigen

 

Vågå historielag er i ferd med å lage en kultursti ved bekken Mela. Søndag den 27. september 2015, klokken 11.00, skal alt være på plass og da vil det være åpning av stien. Oppmøtested: ved Melingsosen.

 

Det vil da bli gjennomført en guidet runde for å vise de kulturminner som omtales på postene langs stien.

 

Kulturstien har 12 poster og turen, som er på en kilometer, vil vare ca en time.

 

Velkommen!

 

 

***********************************************************************************

 

Milorghytta

 

Tur til milorghytta ved Grjothovdan onsdag 9. september 2015.

Frammøte Randsverk kafe kl. 18.00 for felles kjøring til Tesskalven.

Arr. Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

 

Spelet om Jo Tjøstolvson Kleppe (Jo Gjende)

Vest ved Gjende

Heidal Amatørteaterlag,

i Jutulheimen, Vågå.

Syndag 23. august 2015 kl. 17.00.

 

Fra kl. 15.00 kaffesal og ope utstilling om Jo Gjende.

Sal av bilettar.

Otta Libris, Norsk Fjellmuseum i Lom, Bokhandel`n Kafe i Vågå,

Vågå Regnskap SA og post@gudbrandsdalsmusea.no

Ved inngangen om det er att.

 

Arrangør: Vågå Historielag og Gudbrandsdalsmusea.

Støtta av Vågå Kommune.

**********************************************************************************

 

 

Melastigen

Historielaget er i ferd med å laga til kulturstig frå Melings-osen og nedover langs med bekken Mela, der vatnet har spelt ei vesentleg rolle gjennom historia.

Det er planlagt 12 postar med informasjon om bl.a. mange kvernhus, oppgangssag, vegar, jernblestring, trådtrekkeri, pottemakeri, falkefangst og trolla på Heidalsskogen.

Dugnad

Det blir dugnad onsdag 29. juli frå kl. 11.00 og utover.

Vi skal rydde og leggje til rette stigen, setja opp tavler og leggje plankar der det er blautt. Det trengst folk både med og utan reidskap.

Pause ca. kl. 13.00 med servering av “boller og brus”!

Gje gjerne attendemelding slik at vi veit om lag kor mange som kjem !

Helsing

Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

 

Milorghytta

 

 

Tur til milorghytta ved Grjothovdan onsdag 10. juni. Frammøte Randsverk kl. 18.00 for felles kjøring til Tesskalven.

Arr. Vågå Historielag

Biletet viser den nye oppatbygde hytta ved opninga i 1994.

 

**********************************************************************************

 

Medlemskveld

 

Historielaget er invitert til Gardsøy, onsdagskvelden 13. mai 2015 kl. 19.00.

Som dere kanskje ser, så har det skjedd noen endringer på Gardsøy i det siste.

Vi holder på med restaureringsarbeider ute og inne.

Mye er gjort, og en god del står fremdeles igjen.Ting tar tid.

Deler av låven er demontert og ny grunnmur er på plass. Planen er at bygningen skal gjenreises i sommer.

Det er mye arbeid og mye glede i tunet på Gardsøy.

Om historielaget har lyst til å se hva som skjer og hvordan det ser ut, tar vi gjerne imot besøk.

Vi synes det hadde vært hyggelig om dere hadde anledning til å komme.

 

Velkommen til Gardsøy!

 

 

 

**********************************************************************************

 

Kveldssete i Jutulheimen

 

Onsdag 8. april blir det ny kveldsete. Det er snart mai og temaet denne kvelden har vi valt å kalle «Frå lokal draktskikk til nasjonal folkedrakt».

-Mette Vårdal snakkar om opphavet og framvoksteren av dagens bunadsfenomen.

-Edda Ane Stubrud fortel om det pågåande registreringsarbeidet i Heidal.

Som vanleg blir det musikalske innslag, og kanskje blir det også avslutningsdans.

Jutulheimen ondsdag 8. april kl. 19.00.

 

Inngang m/kaffe kr 50,-

 

Arr.: Vågå Spel- og dansarlag og Vågå Historielag

Kontaktperson: Even Lusæter

 

**********************************************************************************

 

Kveldsete i Jutulheimen onsdag 25. mars. 2015

 

 

-Filmframsyning om Skogumsbrørne og livet i Runningsgrenda.

 

-Ola Grøsland fortel spelmannssoger.

 

-Øyvind og Einar Skogum i samspel med aktive spelmenn frå Vågå.

 

 

 

Lalm har vore eitt av dei store sentra for folkemusikken i Gudbrandsdalen, og mange ruvande spelmenn har sitt opphav her. Temaet for kveldsete onsdag 25. mars har vi difor kalla «Musikken på Lalm». Men det blir meir enn berre folkemusikk. Vi skal vise eit NRK-opptak med Skogumsbrørne og deira oppvekst i Runningsgrenda. Ola Grøsland vil vera med å knyte det heile saman med historier og spelmannssoger. I tillegg vil vi få høyre Øyvind og Einar Skogum i samspel med Leif Inge Schjølberg.

Jutulheimen 25.3.2015 kl. 19.00.

 

Inngang m/kaffe: kr 50,-

 

Arr.: Vågå spel og dansarlag og Vågå Historielag

 

Kontaktperson: Even Lusæter.

 

 

 

**********************************************************************************

Andre kveldsete

 

Det var god oppslutning på andre kveldsete i jutulheimen, "Vokal folkemusikk" arrangert av Vågå Historielag og Vågå spel og dansarlag, over 40 møtte opp.

 

 

 

 

 

 

**********************************************************************************

 

Årsmøte

 

Vågå Historielag har årsmøte i Jutulheimen onsdag 11. mars 2015 kl. 19.00.

 

I samband med årsmøtet blir det fotokveld. Med oppfordring om å ta med gamle foto for skanning og lagring i databasa til Vågå Historielag og utleggjing på heimesida. Vi viser på stor skjerm ein del av det som er innkome.

 

 

**********************************************************************************

 

Vokal folkemusikk i Jutulheimen

«Eg vågar meg til å meine, at det er meir av ånd, meir ægte poetisk kraft i våre folketonar enn i alle våre nyare litterære meisterverk ihoplagde», seier Olav Aukrust. Om det er dette som blir konklusjonen etter neste kveldsete, skal eg ikkje seie. Men onsdag 25. februar opnar vi dørene til nok ein interessant kveld i Jutulheimen.

Temaet denne gongen er vokal folkemusikk, og dette er ei skattekiste det er moro å grava i. Til gravehjelp har vi fått med oss Tor Stallvik og Ola Grøsland. Og det vil i tillegg bli framføring av både nye og gamle folketonar. Kvedargruppa, Speldåsin, Torunn Kveen m.fl. skal syte for ånd og poetisk sprengkraft.

 

Vel møtt til kveldsete i Jutulheimen 25. februar 2015 kl. 19.00.

 

Arr.: Vågå spel og dansarlag og Vågå Historielag

 

Kontaktperson: Even Lusæter

 

 

**********************************************************************************

 

Fyrste kveldsete.

 

 

På fyrste kveldsete i Jutulheimen,

"Musikk og utvandring" arrangert av Vågå Historielag og Vågå spel og dansarlag onsdag var det god oppslutning, nesten 50 møtte opp.

 

 

 

-Her i Sundstugu med Leif Inge Schjølberg på fele.

 

 

 

 

**********************************************************************************

 

Musikk og utvandring

 

To aktive lag skal denne våren samarbeide for å få gjort enda meir. Vågå Historielag og Vågå spel- og dansarlag skal saman arrangere fire kveldsete i Jutulheimen. I fire onsdagar framover, opnar vi dørene i Jutulheimen og byr på interessante føredrag, god underhalding, kaffeservering og fyr på peisen.

 

Fyrste kveldsete blir fyrstkomande onsdag 11.02.2015 kl. 19:00. Temaet denne kvelden er utvandring av folk og folketonar. Vi skal vise ein gamal film, eit portrett av ein etterkomar av dei mange vagværane som vandra ut. I tillegg vil Leif Inge Schjølberg spela eit par slåttar vi veit har vandra og kome att. Det er lagt opp til program på ein god time, og etterpå er ordet fritt. Har du brev, gjenstandar eller gode historier knytt til utvandring, så ta dei med. Du betaler 50,- i inngang, og då spanderer vi kaffe med noko attåt. Vel møtt!

 

**********************************************************************************

 

Medlemskveld

 

Historielaget har medlemskveld i Jutulheimen onsdag 14. januar

2015 kl. 19.00.

 

Tema er gjenstandar og gjenstandsregistrering i Jutulheimen.

Sjå spesielle gjenstandar frå museumssamlinga!

 

Møt fram, kanskje du veit noko om enkelte gjenstandar som ikkje andre veit, kva dei blir kalla, kva dei vart brukte til osv.

 

Korleis kan ein finne registrerte gjenstandar på digitalt museum?

 

 

 

 

Skikjelken "Johan" har namn etter

Johan Nygårdsvold.

 

 

 

**********************************************************************************

 

Medlemskveld

Vågå Historielag har medlemskveld i Jutulheimen onsdag 10. Desember 2014 kl. 1900.

 

Tema: Videoopptak av "Spelet om Jo Gjende"

innspelt i Heidal i haust.

 

 

 

 

**********************************************************************************

 

Foredrag om nordljos

Den første realistiske beskrivelsen av nordljoset var i den berømte norske krøniken Kongespeilet frå ca. år 1230. Her hadde forfattaren nemnd tre teoriar til kvifor vi ser nordljos. Seinare, i perioden 1550-1800 var det spesielt prestane i Norge som skreiv om nordljos. I 1724 vart den første avhandlinga som heilt var via nordljosfenomenet skrivi av nordmannen Jens Spideberg. Seinere har ei rekkje forskarar prøvd å finne ut meir om det underlege himmelfenomenet nordljos.

Professor emeritus Asgeir Mølmen Brekke har sidan 1966 vore knytt til Nordlysobservatoriet ved universitetet i Tromsø. Han står bl.a. bak publikasjonane

Nordlyset. Fra mytologi til romforskning. 1979.

Nordlyset, kulturarv og vitenskap. 1994.

Nordlys: vitenskap, historie, kultur. 1997.

Asgeir Mølmen Brekke kjem opprinneleg frå Vågå og Lesja.

Onsdag 12. november 2014 kl. 19.00 vil han halde foredrag om nordljoset i Jutulheimen.

Alle velkomne!

Inngang/kaffe: kr 50,-

Arr.: Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

 

Medlemsmøter Vågå Historielag

 

Andre onsdag i kvar månad kl. 19.00 i Jutulheimen.

10. september, 8. oktober, 12. november og 10. desember 2014.

 

 

**********************************************************************************

 

Historisk vandring

 

I Holongsfjellet. Tema måsåtaking. Sundag 14. september kl. 10.30.

Frammøte ved nørdre Rusten. Vandringa tek ca. 2,5 time.

Turleiar Bjula Ulsletten. Servering på søre Rusten kr 50,-

Arr. Vågå Historielag.

 

 

**********************************************************************************

Seminar om stortingsmann Ole P. Haakenstad

 

Det fyrste Stortinget vart opna 8. oktober 1814, der møtte Haakenstad.

Seminar laurdag 11. oktober 2014 kl. 11.00.

Start i kyrkja der Haakenstad-stolen blir opna.

Etter dette i Jutulheimen. Gjenstandar etter Ole P. Haakenstad vil bli utstilt.

Foredrag av professor Tore Pryser, arkivar Tor Stallvik

og historikar Ivar Teigum.

Seminaret er gratis. Salg av kaffe mm.

 

Arr.: Kyrkja i Vågå, Gudbrandsdalsmusea AS og Vågå Historielag.

 

 

 

 

**********************************************************************************

 

Open dag i Ullinsvin.

 

Laurdag 23. august 2014 er det open dag i Ullinsvin med

opning av urtehagen.

Historielaget har open aurbu, fjostrev og låve.

Utstilling av gamle båtar.

 

*********************************************************************************

 

Dugnad i

JUTULHEIMEN

 

 

Onsdag 7. mai 2014 frå kl. 18.00.

 

Raking, rydding, klipping av kratt, riving av dansegolvet.

Servering.

Vågå Historielag og Gudbrandsdalsmusea AS

 

 

*********************************************************************************

 

Fotokveld

 

Vågå Historielag inviterer til fotokveld i Jutulheimen torsdag 10. april 2014 kl. 19.00. Med oppfordring om å ta med gamle foto for skanning og lagring i databasa til Vågå Historielag, og utleggjing på heimesida.

 

Vi viser på storskjerm ein del av det som er innkome.